Chang'an var ein historisk by i det sentrale Kina. Byen var hovudstad under Tang-dynastiet.

Faktaboks

Uttale
tsjang-æn, IPA: [tʂhɑŋ.æn]
Etymologi

cháng 長/长, "langvarig"

ān 安, "fred"

Også kjend som

Pinyin: Cháng'ān

Wade-Giles: Ch'ang-an

Forenkla teikn: 长安

Tradisjonelle teikn: 長安

Chang'an var ein av dei største byane i verda omkring 800 evt., med eit innbyggjartal innanfor bymurane estimert til kring ein million. På denne tida var byen ein kulturell og religiøs smeltedigel, med ei overflod av buddhistiske, taoistiske, zoroastriske og manikeiske tempel og jamvel nestorianske kyrkjer.

Byområdet overlappar med dagens Xi’an, som også er ein millionby.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg