Asbjørg er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Ás-bjǫrg. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘gud’ og etterleddet ‘berging’.

Namnet har fleire variantar: Asbjørg, Åsbjørg, Aasbjørg.

Namnedag er 10. mai. Asbjørn og Espen har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Asbjørg

Eksempel på ein person med namnet Asbjørg som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 895 kvinner i Noreg som hadde Asbjørg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Dette gjeld også Asbjørg som var mest brukt 1925–1934.

Utvikling i bruk av namnet Asbjørg frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Asbjørg frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Asbjørg på 1800-talet.

Asbjørg var mest brukt i Møre og Romsdal.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Asbjørg på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Asbjørg var mest brukt i Møre og Romsdal. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Asbjør.)

Historisk bruk av namnet Asbjørg
Historisk bruk av namnet Asbjørg
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg