Asbjørn Vølstad er ein norsk volleyballspelar. Han blei amerikansk meister to gongar, siste gong kåra til årets spelar, og teken ut på det amerikanske stjernelaget for 1980-åra. Seinare vart han profesjonell i Tyskland og Frankrike. Han spelte 111 landskampar for Noreg.

Asbjørn Vølstad byrja med volleyball i Førde som 14-åring, og etter berre tre år kom han med på si første landslagssamling. Han debuterte for Noreg som 16-åring, då han spelte frå start i ein kamp mot England i 1979.

Han var med på Førde sitt gull i junior-NM og hjelpte moderklubben til opprykk til toppserien i 1979, før University of California, Los Angeles (UCLA) og den legendariske trenaren Al Scates ville ha han over til den amerikanske serien. Han spelte i perioden 1983–1987 på laget til UCLA.

I USA vart Vølstad omskulert frå midtspelar til kant, og han vart ein stor suksess. UCLA vann alle dei 38 kampane sine den sesongen, og Vølstad spelte alle. I sluttspelfinalen slo dei Pepperdine 3-1 og vart amerikanske meistrar. Vølstad vart kåra til årets nykommar.

Med Vølstad som kaptein på laget, vann UCLA også serien i 1987. Heller ikkje denne gongen tapte dei ein einaste kamp. Før han reiste tilbake til Europa, hadde Vølstad vore teken ut på årets lag i USA fire gongar.

Seinare takka han ja til spel for tyske Hamburger Sportverein og vart tysk serie- og cupmeister i første forsøk. Vidare gjekk turen til Grenoble i Frankrike. Der tok han sølv i serien og kom på fjerdeplass i den europeiske klubbturneringa CEV-cup.

Asbjørn Vølstad avslutta karrieren med ein sesong i Kolbotn, der han fekk med seg gull i både serien, sluttspelet og NM. Vølstad spelte totalt 111 landskampar for Noreg.

  • To gull i amerikansk universitetsvolleyball (1984 og 1987).
  • Fire gongar på årets lag i USA. Årets spelar i USA i 1987.
  • Innlemma i UCLA Athletic Hall of Fame i 2001.
  • Serie- og cupmeister i Tyskland (1988).
  • Kåra til beste blokkspelar i Tyskland.
  • Seriesølv i Frankrike (1989).
  • Vann serie, sluttspel og cup med Kolbotn (1991).
  • Førde Volleyballklubb (-1984)
  • UCLA (1984-1987)
  • Hamburger Sportverein (1987-1988)
  • Grenoble (1988-19990)
  • Kolbotn (1991)
  • KFUM Oslo (1995)
  • Rune Fossum Lillesvangstu: 50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane (2017)

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.