Vindskade er øydeleggingar som skuldast sterk vind.

I Noreg får vi typisk vindskadar i vinterhalvåret i samband med kraftige lågtrykk, såkalla hauststormar og vinterstormar. I sumarhalvåret er dei fleste skadane knytta til kraftige bygesystem, som kan gje kraftige vindkast, og i visse tilhøve små tornadoar. På verdsbasis er det kraftige tornadoar og tropiske orkanar som gjer størst skade.

Kva som utgjer sterk vind varierer frå stad til stad, ut fra kor vanleg det er. På kysten og i fjellet er det til dømes ikkje uvanleg med vindkast på 20–25 meter per sekund. Tilsvarande vindkast i låglandet, særleg på Austlandet, vil som regel gje skadar grunna tre som veltar, takplater som lausnar og liknande. Skadar på tak, vindfall og liknande kan forventast dei fleste stader med vindstyrke kring 30 meter per sekund. Over 40 meter per sekund kan ein forvente omfattande skadar.

Øydeleggingane som vinden gjer aukar raskt med aukande vindstyrke. Ein kan forvente eit skadeomfang som er proporsjonalt med vindstyrken opphøgd i 3. Dersom ein til dømes doblar vindstyrken, kan ein venta eit seksdobla skadeomfang.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg