Svarttopp, fleirårig urt i snylterotfamilien. Svarttopp er ein halvparasitt og snyltar på røtene til andre plantar.

Planta vert mellom 10-30 cm høg, og har ein stiv stengel med motsette, mørkegrønne eller fiolette blad. Blomane er svartfiolette og sit i ein aksforma blomestand. Frukta er ein kapsel.

Svarttopp er vanleg i fjellet til 1960 moh., på Vestlandet og i Nord-Noreg veks dei ofte heilt ned til strandkanten.

Nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Art Svarttopp Bartsia alpina
Slekt  Svarttoppslekta Bartsia
Familie Snylterotfamilien Orobanchaceae
Orden Leppeblomstordenen Lamiales
Klasse Tofrøblada planter Dicotyledoneae
Rekke Dekkfrøa planter Angiospermae
Rike Planteriket Plantae

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.