Snylterotfamilien, ein plantefamilie innan klassen tofrøblada planter beståande av omlag 2060 artar fordelt på 89 slekter, og er den største parasittiske dekkfrøa plantefamilien.

Familien består hovudsakleg av parasittiske urter, der storparten er snylteplanter som parasitterer røtene til andre planter. Det finst både artar som har eigen fotosyntese (halvparasittar) og artar som ikkje har eigen fotosyntese (heilparasittar) i familien. Det er eit stort morfologisk mangfald innan familien.  

Snylterotfamilien har ei global utbreiing, men med hovudtyngd rundt Middelhavet, i sørlege delar av Afrika, i Himalaya og vestre delar av Nord-Amerika.  

Systematikk

Taksonomisk nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Rike Planteriket Plantae
Rekke  Dekkfrøa blomeplanter Magnoliophyta
Klasse Tofrøblada blomeplanter Eudicots
Orden Leppeblomstordenen Lamiales
Familie Snylterotfamilien Orobanchaceae

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.