Ei skrå var opprinneleg eit stykke skinn eller pergament.

Faktaboks

I mellomalderen var «skrå» brukt i heile Norden om dei skriftlege vedtektene til yrkes- og standssammenslutningar.

Ei kjent skrå er Hirdskråa, ei lov for hirda (krigarfølgjet og hoffet) til kongen. Den første hirdskråa vart kanskje utarbeidd under kong Sverre Sigurdsson, men den einaste overleverte versjonen vart vedteken under kong Magnus Lagabøte. Hirdskråa regulerte forholdet mellom kongen og hirda, og plikter og rettigheiter hjå hirdmennene.

Kvart handverkslaug hadde også si skrå med føresegner om forholdet mellom meistrane og sveinane, tilgangen til faget, krava til fagleg dugleik og liknande.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg