Oryctes nasicornis, neshornbille
Nashornbilla er Noregs største bille, og høyrer til blant hornbillene.
Herkulesbille
/Shutterstock.
Goliathus goliatus
.
Lisens: CC BY SA 3.0

Hornbiller er ein underfamilie i familien skarabider. Dei er kjende for dei ulike formene for horn som hannane har på hovudet og forbrystet. Hornbiller inkluderer nokon av dei største og tyngste billene i verda. Globalt finst over 1400 artar. I Noreg finst det berre ein art: nashornbille (Oryctes nasicornis).

Faktaboks

Også kjend som
kjempebiller, tidligere neshornbiller
Vitskapeleg namn
Dynastinae
Beskriven av
William Sharp Macleay, 1819

Beskriving

Hornbiller er vanlegvis store med konveks, avrunda rygg. Dei er typisk svarte, grå eller i grønlege fargar. Nokon kan ha ein metallisk farge. Nokon artar kan vere dekt av korte, tynne hår. Utsjånad på billene varierer ein del mellom artar i underfamilien.

Hornbiller har seksuell dimorfi, altså at hoa og hannen innan same art er svært ulike. Hannane har stort sett horn, derav namnet på underfamilien. Hornet er eit resultat av seksuell seleksjon og blir brukt til å kjempe mot andre hannar for å beskytte territorium som er attraktivt for hoer. Hannane er også svært sterke. Nashornbilla kan for eksempel lyfte 850 gongar si eiga kroppsvekt. Ikkje alle hornbiller har horn, og det finst også biller med horn som ikkje høyrer til underfamilien hornbiller. Hoa har ikkje horn, men kan ha ein liten «klump» på hovudet.

Larvane er typisk store og kvite, og ligg i ei C-form. Dei har tre par korte bein på forkroppen. Hovudet er gjerne tydeleg avskilt frå resten av kroppen og er mørkare i fargen.

Herkulesbilla (Dynastes hercules) sin hann kan bli over 17 centimeter lang, og er dermed ei av dei største billene i verda. Desse billene held til i Mellom- og Sør-Amerika. Den einaste norske arten, nashornbille, er den tyngste billearten vi har i landet med ei kroppslengd på 24–45 millimeter.

Levevis

Hornbiller er i utgangspunktet herbivore, altså planteetarar. Dei vaksne individa et for det meste frukt, nektar og sevje. Larvane lever stort sett av plantemateriale i form av rotnande trevirke og dei trivst best i morkna ved.

Den norske arten nashornbille er spesialisert på rotnande eiketre som larve, men har tilpassa seg grunna mangelen på slike daude eiketre i Noreg i dag. Dei har derfor gått over til å føretrekke kompost eller sagmugg, eller aller helst hestemøkk blanda i sagmugg.

Alle biller er holometabole, og har dermed fire livsstadium: egg, larve, puppe og vaksen. Egga blir gjerne lagt direkte i «matfatet», for eksempel i daude tre. På den måten kan dei nyklekka larvane byrje å ete med ein gong. Målet med larvestadiet er å ete mykje, auke i storleik og lagre energi til metamorfosen og livet som vaksen. Larvestadiet består av tre trinn, der larvane går gjennom eit hudskifte mellom kvart trinn. Lengda på larvestadiet varierer mykje.

Dei største billeartane kan vere larvar i fleire år før dei forpuppar seg. Dei vaksne individa har som mål å pare seg, og lever derfor ikkje nødvendigvis så lenge, men også dette varierer. Nashornbilla lever berre ein kort sommarsesong som vaksen, medan den vaksne herkulesbilla kan leve i opptil tolv månadar. Det kan vere skilnadar på lengda av livet som vaksen mellom kjønna. Hoa døyr ofte kort tid etter at ho har formeira seg og lagt egga sine, medan hannen lever lenger og kan pare seg fleire gongar.

Økologisk og kulturell betydning

Larvane er ofte nedbrytarar gjennom å ete daudt trevirke. Dermed er dei med på ein viktig økologisk prosess ved å bryte ned og resirkulere næringsstoff.

Fleire artar, som herkulesbilla, er vanlege å kunne kjøpe som kjæledyr. I Nord-Thailand og Japan, samt andre stadar i Asia, finst det tradisjonar for å fange hann-hornbiller, plassere to individ på ein stokk, og vedde på kven av dei som vinn slåsskampen.

Utbreiing

Hornbillene finst på alle verdas kontinent utanom Antarktis. Det finst over 1400 artar av hornbiller i verda.

Den norske arten nashornbille finst hovudsakleg på Sør-Austlandet i eit belte som strekk seg frå Lindesnes i sør, og nordover langs svenskegrensa til Lillehammer.

Status

Noregs einaste hornbilleart, nashornbille, blir rekna som ein framandart med lav risiko (LO).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

hornbiller
Dynastinae
Artsdatabanken-ID
10703

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg