Hendelege eigedomshøvelova er ei norsk lov som avgjer eigedomsrett når ting med ulike eigarar blir samanblanda og tinga ikkje kan skiljast frå kvarandre. Ein mister ikkje eigedomsrett over ting som kan tilbakeførast utan uhøveleg kostnad eller skade. Lova gjeld for eigedomsrett til ting som blir inkorporert i fast eigedom og for eigedomsrett til samanblanda lausøyre.

Faktaboks

Fullt namn
lov om hendelege eigedomshøve
Kortnamn
hendelege eigedomshøvelova
Forkorting
hendl
Tredd i kraft
01.07.1969
Lovdata-ID
NL/lov/1969-04-10-17

Lova er deklaratorisk. Dette tyder at ein kan fråvike lova, som til dømes ved avtale. Den gjeld difor ikkje dersom partane allereie har avtala eigarforholda seg imellom. Eigarforholda kan også bli avgjort av andre rettsforhold. Andre rettsforhold viser her til reglane om hevd og ekstinksjon.

Innhaldet i lova

Fastsetjing av eigedomsrett

Det er ulike reglar for fastsetjing av eigedomsrett etter lova. Medan eigedomsrett til samanblanda lausøyre går over i eit sameige, blir eigedomsrett til fast eigedom alltid verande på same hand som før.

Som eit resultat av dette vil grunneigarar kunne overta eigedomsrett til ting med større verdi enn eigedomen sjølv. Den som mistar eigedomsrett over den samanblanda tingen vil til gjengjeld kunne rette vederlagskrav mot ny eigar. Dette gjeld så lenge tingen ikkje kan attførast utan uhøveleg kostnad eller skade. Sameigarar av ein lausøyreting vil kunne stemme for oppløysing av sameiget etter reglane i sameigelova.

Utleveringskrav og avkasting

Lova har også reglar om utleveringskrav og rett til avkasting. Den som reiser krav om å få tingen utlevert må føre prov for å ha betre rett til tingen. Ved utlevering kan ein måtte svare vederlag for avkastinga og nytta ein har hatt av tingen. Frådrag kan gjerast dersom det har vore kostnadar til stell og vedlikehald medan ein har råda over tingen.

Virkeområde

Høgsterett har tolka lova til å famne vidt. Den gjeld utanfor mistakstilfelle der ulike eigarskap er samanblanda på tilfeldig vis eller ved misforståingar. Til dømes vil ein som byggjer på grunnen til ein annan ikkje få eigedomsretten til bygget, sjølv om bygginga var eit planlagt tiltak. Dersom det har gått så mange år at vilkåra for hevd eller ekstinksjon er oppfylt eller partane har inngått ein avtale om eigedomsretten ved bygginga, er det desse rettsforholda som vil vere avgjerande for eigedomsretten til tingen.

Historikk

Lovforslaget var den sjuande rådsegna frå Sivillovbokutvalet. Utvalet framheva at saker om hendelege eigedomshøve ikkje var hyppig oppe for domstolane. Likevel fann ein det gunstig at lovgjevar hadde teke stilling til tilfella der hevdslova og reglane om ekstinksjon og godtruerverv ikkje gav klare resultat.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg