Faktaboks

Sivillovbokutvalet

Sivillovbokutvalget

Uttale
sivˈillovbokutvalget

Sivillovbokutvalet var eit offentleg utval, oppnemnt i 1953, som hadde i oppdrag å arbeide med utkast til lovgjeving om rettshøve på fast eigedom (tingsrett), panterett, odels- og åsetesretten.

Sivillovbokutvalet la fram ei rekkje rådsegn, som igjen har ført til nye lover, mellom anna sameigelova, pantelova og avhendingslova. Utvalet blei lagt ned i 1999.

Historie

I 1814 grunnlovfesta riksforsamlinga på Eidsvoll at det skulle lagast ei «almindelig civil og kriminal Lovbog». Arbeidet ble tatt opp av ein nedsatt lovkomité, men blei lagt bort i 1845. Tanken om å utarbeide ei norsk sivillovbok, ble likevel tatt opp igjen av Stortinget i 1949, og i 1953 ble det oppnemnt ein kodifikasjonskomité, Sivillovbokutvalet. Sjølv om utvalet la fram ei rekkje rådsegn som førte til nye lover, så blei det ikkje noko av Norsk sivillovbok. I samband med grunnlovsreforma ved 200-års jubileet for Grunnlova i 2014, blei føresegna om ei slik sivillovbok tatt ut av Grunnlova.

Rådsegn frå Sivillovbokutvalet

  • Rådsegn 1 (1955) Om grannegjerde og om ansvar for visse slags husdyr
  • Rådsegn 2 (1957) Om eigedomsretten i grannehøve
  • Rådsegn 3 (1958) Om grannegjerde, endeleg framlegg
  • Rådsegn 4 (1959) Om sameige
  • Rådsegn 5 (1960) Om særlege råderettar over framand eigedom
  • Rådsegn 6 (1961) Om hevd
  • Rådsegn 7 (1962) Om hendelege eigedomshøve
  • Rådsegn 8 (1970) Om pant
  • Rådsegn 9 (1971) Om tomtefeste
  • Rådsegn 10 (1972) Om odels og åsetesretten
  • Rådsegn 11 (1973) Om odelsprosessen
  • Rådsegn 12 (1979) Avhending av fast eigedom
  • Rådsegn 13 (1984) Løysingsrettar
  • Rådsegn 14 (1988) Eigedomsgrenser og administrative inndelingsgrenser
  • Rådsegn 15 (1993) Ny lov om tomtefeste

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg