Artikkelstart
Handlingsregelen slår fast kor stor del av inntektene frå oljeverksemda som frå år til år kan brukast i norsk økonomi.
Handlingsregelen vart vedteken av Stortinget våren 2001, på grunnlag av St.meld. nr. 29 (2000-2001) om retningslinjer for budsjettpolitikken. Inntektene til staten frå oljeverksemda går direkte inn i Statens pensjonsfond utland (SPU), tidlegare kalla oljefondet.
Regelen inneber at Stortinget ikkje skal bruke meir oljepengar på statsbudsjettet enn det som svarer til den årlege avkastinga ein ved inngangen av året kan rekne med å få frå SPU. I utgangspunktet innebar det at Stortinget ikkje skulle bruke meir enn fire prosent av fondskapitalen for å skape balanse i statsbudsjettet. I februar 2017 foreslo regjeringa å setje ned anslaget for fondsavkastinga til tre prosent. I statsbudsjettet for 2018 sette regjeringa anslaget til 2,9 prosent.
Sidan det berre er den forventa realavkastinga som skal brukast, inneber handlingsregelen at fondskapitalen ikkje blir tappa over tid.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.