Valsekongane Lanner og Strauss spelar til runddans
.

Runddans er namnet på ei danseslekt (sjå dans) som vaks fram sør i det tyske språkområdet sist på 1700-talet, med vals som den første viktige dansen. Slekta fekk etterkvart fleire dansar utover på 1800-talet, inspirert frå mellom anna Bøhmen og Polen. Slekta spreidde seg over det meste av Europa og til Amerika og Australia. Til Noreg kom ulike runddansar like frå sist på 1700-talet og opp mot 1900.

Faktaboks

Også kjend som

Også kalt gammeldans

Terminologi

Runddansane er pardansar, og para flytter seg etter kvarandre rundt i rommet mot sola. Samtidig er det eit viktig element i dei fleste av desse dansane at paret snur seg rundt sin felles akse. Desse to sidene ved å dansa rundt, gav truleg namnet runddans, som var brukt på tysk frå først på 1800-talet. Dei kan vera ulike etter kva musikk som er brukt og kva dans dei høyrer til. Forskingsprosjektet Gammaldans i Norden skapte ein terminologi for elementa i runddansformene. Éin type motiv er omdansing, og hovudformene er eintaktssnu, tyder ei snuing som går over éi takt musikk, totaktssnu går over to takter og halvannantaktssnu over éin og ein halv takt. Andre motivtypar er promenade, på staden-motiv og kviletur.

Historikk

Drukkenboltens barn, runddans på ein pub i London, åtvarar mot dans, drikking og det som verre er.
.

Den tidlege valsen vart dansa til både tredelt og todelt musikk, men dansen til todelt hadde gjerne tilleggsnamn, til dømes hoppvals, skotsk vals og hamburgervals. På 1840-talet vart ein variant av valsen i todelt takt lansert som motedans frå Tsjekkia under namnet polka. Etter inspirasjon frå ein stor polsk formasjonsdans, masur, kom så den vesle pardansen polkamasurka. Den kom til Noreg etter 1850, og seinare kom reinlender, wienerkryss og pariserpolka, og variantar av svensk hambo under namn som springpolka.

Runddansane har mykje til felles i Norden, og dei kom hit delvis med danselærarane og delvis med folkelege motestraumar. Danselærarane held seg unna variantar med snøgge snuingar, slik som hambo, reinlender og pariserpolka. I Sverige tok dei til å kalla runddansane for gammaldans på 1920-talet, og denne termen erstatta også ordet runddans ein periode i Noreg.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Urup, Henning, Henry Sjöberg og Egil Bakka (red.) (1988). Gammaldans i Norden: Komparativ analyse av ein folkeleg dansegenre i utvalde nordiske lokalsamfunn – Rapport fra forskningsprosjektet. Dragvoll: Nordisk Forening for Folkedansforskning Dragvoll. Inkluderer video med runddansar frå alle nordiske land.
  • Bakka, Egil et. al. (red.) Waltzing Through Europe: Attitudes towards Couple Dances in the Long Nineteenth Century. Open Book Publishers 2020
  • Eksterne videolenker til Landsfestivalen 2013 med tevling i runddansar: Vals og reinlendar

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg