Turdans er eit samlenamn for dansar oppbygde av turar som kjem i fast rekkefølgje og samsvarar med veka, det vil seie repetisjonane, i musikken. Ein tur i denne samanhengen er ei snuing eller ein runde i dansen.

Faktaboks

Etymologi
Frå gamalfransk torner, snu rundt og fransk tour, norsk tur; ei snuing eller ein runde (i dansen).

På 1800-talet var omgrepet brukt om kontradansane, dansar som vaks fram først i England og så i Frankrike, og som spreidde seg til heile den vestlege verda. Dei kom også til Noreg, men var mindre brukte her enn i mange andre land.

Klara Semb tok til å samla folkedans først på 1900-tallet, brukte ho namnet turdans også på pardansar med turar i fast rekkefølgje, og utvida etter kvart omgrepet turdans til å omfatta all den folkedansen ho fann som ikkje var runddansar, bygdedansar eller songleikar. Slik bruker den delen av folkedansrørsla knytt til Noregs Ungdomslag omgrepet i dag. Det er såleis ein av dei seks hovudgruppene av norsk folkedans.

Karikatur av par som dansar engelsk kontradans på rekke, (longways)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Semb, K. (1991). Norske folkedansar : turdansar Oslo: Noregs boklag Samlaget i samarbeid med Noregs ungdomslag, omarbeidd og utv. [utg.] av ei nemnd i Noregs ungdomslag. ISBN825213657

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg