Ytre Sogn (avis)

Logo
Av .
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Ytre Sogn er ei lokalavis for Ytre Sogn. Ho kjem ut i Høyanger i Vestland som papiravis to gonger i veka. Avisa vart starta i 1998 og er partipolitisk uavhengig.

Etablering

Ytre Sogn vart starta etter nedlegginga av Sogn Dagblad i 1997, som hadde ført til at Høyanger og distriktet Ytre Sogn stod utan eigne lokalaviser. Avisa kom ut første gong 9. juni 1998.

Ytre Sogn er organisert gjennom eit aksjeselskap med Høyanger Næringsutvikling AS, Ingvald Husabø Prenteverk AS og ei foreining av dei tilsette som eigarar.

Drift

Avisa dekkjer kommunane frå Solund til Høyanger. Dette distriktet ligg også innanfor dekningsområdet til avisa Firda, som er større, og som er Ytre Sogn sin konkurrent. Ytre Sogn er først og fremst ei lokalavis med brei dekning av nyhende og samfunnsliv i nedslagsfeltet. Avisa har alltid hatt nynorsk som målform.

Ytre Sogn byrja å publisere stoff på nettet i 2003.

Avisa vart fram til 2006 trykt i Sogn Avis sitt trykkeri på Leikanger, seinare i Førde.

Det beste året for avisa var 2001 med eit opplag på 2073 eksemplar.

Opplag

  • 2017: 1415
  • 2018: 1379
  • 2019: 1308
  • 2020: 1227
  • 2021: 1218

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Eggum, T. (2009): På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde: Selja Forlag
  • Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg