Viljar er eit mannsnamn som vart tatt i bruk i 1934. Det kan vere samansett av Vilj- (jamfør ordet vilje) og endinga -ar.

Grunnen til at foreldra har gitt dette namnet, kan ha vore eit ønske om at sonen skal få sterk vilje. Namnet finst også i Estland, men med ei anna tyding. Det er lite sannsynleg at namnet er innlånt derifrå.

Namnedag er 28. april. Vivi og Vivian har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 395 menn i Noreg som hadde Viljar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 51 gutar som fekk namnet Viljar.

Utvikling i bruk av namnet

Viljar høyrer til ei lita gruppe nordiske mannsnamn som har fått toppfasen sin etter år 2000. Dette gjeld også Ask, Gard, Storm, Trym, Brage, Brede, Sigve, Vetle og Odin. Her finst det altså ingen av dei samansette nordiske namna som var så populære på 1900-talet, til dømes til dømes Dagfinn og Oddbjørn.

Utvikling i bruk av namnet Viljar frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Viljar frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg