Vivi

Artikkelstart

Vivi er eit kvinnenamn som har oppstått som barnespråksform, til dømes av Viktoria.

Eit typisk trekk ved barnespråksformer er at to like stavingar kjem etter kvarandre, til dømes Lollo (av Louise) og Totto (av Torstein). Dubleringsord av denne typen er til dømes namnam.

Namnet har fleire variantar: Vivvi, Wivi, Vivi.

Namnedag er 28. april. Viljar og Vivian har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 1400 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Vivi som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg