Faktaboks

Offisielt namn
VESTNESAVISA AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Vestnes
Dagleg leiar
Robin Røkke
Styreleiar
Robin Røkke
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Vestnesavisa er ei lokalavis for Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Ho kjem i papirformat ein gong i veka, og er ellers dagleg oppdatert som nettavis.

Vestnesavisa kom med første nummeret som abonnementsavis 26. juli 1989. Før den tid hadde avisa eksistert som gratisavis i om lag fem år. Vestnesavisa er ein del av mediekonsernet Tvisyn. Avisa vert prenta ved Polaris Trykk i Ålesund.

Avisa dekkjer både små og store hendingar i nærmiljøet i Vestnes. Ho er redigert både på bokmål og nynorsk. Vestnesavisa er også medlem av organisasjonen Landslaget for lokalaviser.

Olav Hole var redaktør for avisa frå 1989 til 2011. Frå april 2011 og ut 2018 var Helene Henriksen redaktør. Torstein Sønstabø vart redaktør i 2019.

Opplag

Opplagstall for Vestnesavisa, 1988-2023

1988 1400
1990 1510
1991 1542
1992 1590
1993 1579
1994 1718
1995 1656
1996 1713
1997 1700
1998 1743
1999 1814
2000 1753
2001 1811
2002 1870
2003 1983
2004 1922
2005 1902
2006 1933
2007 1935
2008 1909
2009 1956
2010 1934
2011 1926
2012 1900
2013 1859
2014 1851
2015 1827
2016 1755
2017 1707
2018 1619
2019 1497
2020 1592
2021 1623
2022 1399
2023 1328
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1990 1510
1995 1656
2000 1753
2005 1902
2010 1934
2015 1827
2018 1619
2020 1592
2022 1399
2023 1328

Til og med 2015 gjeld opplagstala berre for papirutgåva. Frå 2020 blir det nytta netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar (2)

skreiv Skafti Helgason

Hei Eg ser redaktøren Helene Henriksen er fjerna frå omtale i artikkelen. Ho var redaktør frå april 2011 då ho tok over etter Olav Hole til og med desember 2018.

svarte Erik Bolstad

Vi held på å fjerne info om redaktørar i alle avis-artiklane. Vi flyttar informasjonen til faktaboksen, slik at det kan oppdateres automatisk frå Brønnøysundregistra.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg