Vedis er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Vé-dís. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘heilag stad’ og etterleddet ‘dis; kvinne’.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Vedis Fagereng fødd 1898 i Ørsta (Møre og Romsdal). Forleddet Ve- var brukt i to nylaga namn omtrent samtidig i Ørsta. Det andre var Webjørg (1895), ein stavevariant av Vebjørg.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Vedis som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg