Varg

Artikkelstart

Varg er eit mannsnamn. Det var opphavleg eit tilnamn i mellomalderen laga til norrønt vargr som tyder ‘ulv’.

Namna Varg, Ulv og Ulf er mykje mindre brukt enn Bjørn.

Personar med namnet Varg

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Varg Klavenes fødd 1889 i Sandar (Vestfold). Faren til Varg var redaktør.

Kulturell bruk

  • Varg Veum, detektiv i Gunnar Staalesens bøker, gir assosiasjonar til det norrøne «vargr í véum» som tyder ‘varg i heilagdommane’, altså ein fredsbrytar.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 220 menn (fødde i Noreg) som hadde Varg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg