Torbjørg er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Þor-bjǫrg. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘berging’.

Namnet har fleire variantar: Thorbjørg, Torbjørg.

Namnedag er 5. juni. Torben og Torbjørn har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Torbjørg

Eksempel på ein person med namnet Torbjørg som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 847 kvinner i Noreg som hadde Torbjørg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid og Svanhild. Dette gjeld også Torbjørg som var mest brukt 1925–1934.

Utvikling i bruk av namnet Torbjørg frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Torbjørg frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Torbjørg på 1800-talet.

Torbjørg og Torbjør var klart mest brukt i Telemark og Hordaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Torbjørg på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Torbjørg og Torbjør var klart mest brukt i Telemark og Hordaland. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thorbjør.)

Historisk bruk av namnet Torbjørg
Historisk bruk av namnet Torbjørg
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg