Sølvi er ein variant av kvinnenamnet Sylvi som kan vere a-laus form av Sylvia.

Namn på Sølv- kan i dag bli assosierte med ordet sølv på same måten som til dømes Gullborg og Gullbjørg (med opphavleg forledd Gud-) blir forbundne med gull.

Namnet har fleire variantar: Sylvi, Sølvi, Sølvy.

Namnedag er 20. juni. Sølve og Sølve har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Sølvi

Eit utval personar med namnet Sølvi, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 485 kvinner i Noreg som hadde Sølvi som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Som vi kanskje kunne vente, har dei lydlike namna Sylvi og Sølvi nokså lik kurveprofil. Forskjellen ligg i at Sylvi nådde toppnivået (1945–1954) litt før Sølvi (1955–1964). Da Sølvi låg på topp, hadde songartisten Sølvi Wang sin mest aktive karriere, og ho har nok medverka til at namnet var populært rundt 1960. Sidan år 1900 har Sølvi vore brukt tre gongar meir enn Sylvi.

Utvikling i bruk av namnet Sølvi frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Sølvi frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg