Sølve er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Sǫl-vi. Det er same namn som Salve. Tydinga til namnet er omdiskutert. Forleddet kan ha tydinga ‘sal, hus’, mens -ve kan gå tilbake til -vér som tyder ‘kjempe. Det er også mogleg at Sølve går tilbake til eit samansett ord som tyder ‘hovprest’.

Les om kvinnenamnet Sølve.

Namnet har fleire variantar: Solve, Sølve, Såvi.

Namnedag er 20. juni. Sølvi har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Sølve

Kulturell bruk

  • Barneforteljinga «Sølve Solfeng» (1910) av Hans Aanrud.

Kjende personar med namnet Sølve

Eksempel på ein person med namnet Sølve som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 569 menn i Noreg som hadde Sølve som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 10 gutar som fekk namnet Sølve.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Sølve frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Sølve frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg