Peik er eit mannsnamn som kan forklarast på to måtar: 1. Det svenske ordet pojke med tydinga ‘gut’ som går tilbake til finsk poika med tydinga ‘son’. 2. Det finske peikko som tyder ‘troll’. I eventyret om Peik blir det fortalt at han gjer folk eit peik, og namnet kan dermed assosierast til uttrykket «gjere nokon eit peik». I bøkene om Peik av Barbra Ring er Peik kortform av dobbeltnamnet Pavel Benedict.

Kulturell bruk

  • Eventyret «Peik» vart nedskrive av P. Chr. Asbjørnsen. Peik var så god til å lure folk (jamfør gjere nokon eit peik) at han enda som konge.
  • Morobladet «Peik» (1913–18).
  • Barnebøker om Peik av Barbra Ring (1870–1955).

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 menn (fødde i Noreg) som hadde Peik som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg