Peer Steinbrück er ein tysk sosialdemokratisk politikar. Frå 2005-2009 var han Tysklands finansminister. Han var kanslerkandidat for Det sosialdemokratiske parti, SPD, ved Forbundsdagsvalet i 2013.

Han voks opp i Hamburg og er busett i Bonn. Han studerte økonomi og statsvitskap ved universitetet i Kiel.

Peer Steinbrück starta karrieren i  delstatsbyråkratiet i Schleswig-Holstein i 1974. Sidan arbeidde han i fleire departement, og på kanslarkontoret under forbundskanslar Helmut Schmidt. (1978-1981). Han har også arbeidd for SPD i forbundsdagen og ved det vest-tyske representasjonskontoret i Øst- Berlin. I 1985 byrja han arbeide for sosialdemokratane i delstaten Nordrhein-Westfahlen. Gjennom fleire år var han kontorsjef for kontoret til delstatens ministerpresident Johannes Rau. I 1993 vart han finansminister i Schleswig-Holstein I 1998 fekk han same posisjon i delstaten Nordrhein-Westfalen. I 2002 vart han ministerpresident i Nordrhein-Westfahlen. Etter forbundsdagsvalet i 2005 fekk Tyskland ei regjering sett saman av landets to store parti, kristendemokratane (CDU) og det sosialdemokratiske SPD. Angela Merkel var kanslar for denne regjeringa. Peer Steinbrück fekk posten som finansminister i denne regjeringa. Med finanskrisa i 2008 fekk han ansvaret for å styre landets finansar gjennom den første delen av den økonomiske krisa. Han sat som minister fram til valet i 2009 då sosialdemokratane gjekk ut av regjering. Merkels CDU danna koalisjonsrering med partiet FDP. Same år vart han for første gong vald som representant til forbundsdagen. I 2012 vart han SPDs kanslarkandidat. Valet vart gjort formelt på eit ekstraordinært SPD-landsmøte i desember 2012. Der fekk han berre 93,4 prosent av røystene. Det er den nest svakaste oppslutnaden ein kanslarkandidat frå SPD har fått i eigne rekker. Berre Gerhard Schröder hadde mindre støtte i eige parti då han vart vald som partiets kanslarkandidat i 1998. 

 

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

27. august 2013 skrev Knut Are Tvedt

han var finansminister 2005-09.han er også medlem av forbundsdagen fra 2009.

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.