Otter er eit mannsnamn. Det er ein variant av Ottar som går tilbake til det norrøne Ótt-arr. Ótt- har truleg samanheng med norrønt ótti som tyder ‘frykt’ (jamfør otte). Etterleddet -arr kan her tyde ‘krigar’ eller ‘spyd’. I det siste tilfellet går -arr tilbake til -geirr.

Namnet har fleire variantar: Othar, Ottar, Otter.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Otter som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Otter i perioden 1900–2017, var det 66 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Otter. Dette inneber at 34 prosent hadde Otter som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Otter på 1800-talet.

Otter var mest brukt i Vestfold.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Otter på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Otter var mest brukt i Vestfold.

Historisk bruk av namnet Otter
Historisk bruk av namnet Otter
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg