Othar er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av Ottar som går tilbake til det norrøne Ótt-arr. Ótt- har truleg samanheng med norrønt ótti som tyder ‘frykt’ (jamfør otte). Etterleddet -arr kan her tyde ‘krigar’ eller ‘spyd’. I det siste tilfellet går -arr tilbake til -geirr.

Namnet har fleire variantar: Othar, Ottar, Otter.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 menn (fødde i Noreg) som hadde Othar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg