Olav Veka

Faktaboks

Olav Veka

Olav Johan Andreas Veka

Født
6. juni 1942, Sand, Ryfylke

Artikkelstart

Olav Veka, lektor og namnegranskar med personnamn som spesialområde.

Bakgrunn

Olav Veka tok examen artium ved Rogaland offentlege landsgymnas på Bryne i 1962. Han er cand.philol. frå Universitetet i Oslo i 1971, med hovudfag i norsk, engelsk mellomfag og geografi grunnfag. Hovudoppgåva handla om stadnamn frå Sand i Ryfylke.

Skuleverket

Han har arbeidd som lektor ved fleire vidaregåande skular i åra 1973 til 2006, og han har vore medforfattar av fleire læreverk for norskfaget. Saman med Lars Anders Kulbrandstad og Bjarne Øygarden har han gitt ut Nynorskordliste for den vidaregåande skolen, med tanke på elevar som har nynorsk som sidemål. Lågare trinn har òg fått tilsvarande ordlister.

Namnegransking

Som namnegranskar er det særleg personnamn som har interessert Veka, og han er forfattar av bøkene Namneboka (1991) og Norsk etternamnleksikon (2000). Den sistnemnde boka gir det første komplette oversynet over alle etternamn i Noreg, der Veka orienterer om utbreiinga, opphavet og tydinga. Kvar gong ein ny medlem av kongehuset får namn, er Olav Veka brukt som kjelde av journalistane i dagspressa. Han gjer då greie for opphavet til namnet, statistikk og bakgrunn. Hausten 2010 gir han i lag med Nancy Coleman ut ei bok på eit amerikansk forlag med tittelen Scandinavian Names. Dictionary and Guide.

Organisasjonsarbeid

Veka var medlem av fagnemnda for nynorsk i Språkrådet frå 2001 til 2005. Han var leiar i Norsk namnelag frå 2006 til 2009 og vart attvald for perioden 2009–2012.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg