Ogna (tettstad)

Artikkelstart

Ogna er ein tettstad i kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,26 km², og har 387 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Innbyggertall
387 (SSB, 2020)
Landareal
0,26 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
4576 Ogna

Ogna ligg ved munninga av Ognaelva mellom Brusand og Sirevåg, i overgangen mellom Jæren og Dalane. Det er store sandstrekningar langs kysten ved Ogna stasjon.

Nord for tettstaden er det gjort viktige forhistoriske funn, mellom anna restar av nesten 4000 år gamle stolpehus. Den Vestlandske Hovedvei er gjenskapt som turveg frå Ogna til Hellvik (Eigersund). Ogna nye kyrkje frå 1995 er bygd på ruinane av den gamle kyrkja frå 1200-talet som brann ned i 1991.

Namnet er opprinneleg eit elvenamn og kjem truleg av norrønt ógn, 'skrekk, redsel'; kan sikte til straum, isløysing, flaum eller liknande i elva.

Kart

Ogna
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg