Hå er ein kommune i Rogaland fylke, den sørlegaste kommunen på Jæren. Hå omfattar også den mest nordvestlege delen av Dalane, den tidlegare Ogna kommune, som no utgjer den sørlegaste delen av Hå. Hå kommune vart opphavleg oppretta i 1837, då det kommunale sjølvstyret vart innført. Denne kommunen vart i 1894 delt i Nærbø og Varhaug kommunar. Dei noverande grensene fekk Hå i 1964, då Nærbø og Varhaug vart slått saman igjen, og dessutan fekk innlemma Ogna kommune. Hele artikkelen