Oddny

Artikkelstart

Oddny er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Odd-ný. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘odd, spiss; spyd’ og etterleddet ‘ny’.

Namnet har fleire variantar: Oddny, Odny, Ådny.

Namnedag er 22. april. Oddgeir har også namnedag denne dagen.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Odny Fjelstad fødd 1853 i Kristiania.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 2800 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Oddny som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg