Oddgeir er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Odd-geirr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘odd, spiss; spyd’ og etterleddet ‘spyd’.

Her finst altså tydinga ‘spyd’ både i forleddet og etterleddet. Eit anna døme på same tyding i begge ledda (‘strid’) er Gunn-hild.

Namnedag er 22. april. Oddny har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Oddgeir

Eksempel på ein person med namnet Oddgeir som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 698 menn i Noreg som hadde Oddgeir som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Oddgeir frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Oddgeir frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg