Musikk er definert som lyd og rytme systematisert over tid, og Anthony Store (1992) har påpeikt at hovudfunksjonen til musikk i alle kulturar er, og har vert, å bringe folk saman (i felles aktivitet). Han legg til at systematiserte rytmar stimulerer til rekreasjon og fellesskap, samtidig som den kan ha ei viktig rolle i ritual, og historisk har den vert viktig som organiserer og koordinerer av innsatsen til større arbeidsgrupper. Det er også påpeikt at musikk som fenomen er avhengig av gitte sosiale, kulturelle, religiøse, politiske og økonomiske faktorar i eit bestemt samfunn.

Biletleg, tekstleg og arkeologiske kjelder viser at musikk spela ei vesentlig rolle i Det gamle Egypt under alle periodar, det vil sei cirka 3100 fvt. til 400 evt. Mesteparten av informasjonen kjem frå representasjonar og tilhøyrande tekst på veggane i gravkammer og tempel, men ein finn også informasjon på kister, papyrus, steintavler, statuar og diverse objekt. Den store mengda kjelder gjer det muleg å identifisere namn på ulike musikkinstrument, titlane til dei som utførte musikken, samt eit forklarande vokabular. Ei fullstendig forståing er derimot problematisk.

Musikk som uttrykksform vart nytta i ulike typar rom – privat, offentleg og liminal: i tempel, palass, som del av prosesjonar og festivalar, militære paradar, i gravkult, men også ved private arrangement. Alle er konkrete indikasjonar på musikk sitt gjennomgripande nærvær i Det gamle Egypt.

I tempelet hadde musikk ein særleg viktig funksjon, og til templa høyrte dansarar, sangarar og musikarar viss rolle blant anna var å vekke guden hver morgen, og dysse dei i søvn kvar kveld. Et viktig instrument var rasleinstrumentet sistrum, som var knytta til gudinna Hathor som ein fin att i romertidas Isis-dyrkelse

Blåseinstrument er kjent så langt tilbake som før-dynastisk tid: Fløyta kan daterast tidligast, medan den doble klarinetten kan daterast til det gamle riket. Trompet og obo er også kjent frå det nye riket. Under gresk-romersk tid vart fleire andre instrument introdusert, den greske aulos, men også panpiper som smått om senn førte til oppfinninga av pipeorgelet. Strykeinstrument er kjent frå det gamle riket: Harpa er sentral i alle tidsperiodar, men frå det nye riket eksisterer det fleire variantar av harpe. I gravkammer frå det mellomste riket er lyren avbileta med etniske innvandrar frå aust, men vart først populær blant dei lokale under det nye riket. Lutten har mykje same historikk som lyren. Slag- og rasleinstrument er kjent så tidlig som før-historisk tid: Det er først og fremst klapparar (kastanjettliknande instrument) som er datert så tidleg. Trommer i ulike former og fasongar er datert frå det gamle riket. Sistrum og menit-halskjede (raslar) er også kjent frå det gamle riket, medan ulike symbal, bjøller, og den greske krotalon vart introdusert under gresk-romersk tid.

Dans kunne vera ein vanleg fritidssyssel, men viktigare er det rekna for å ha vore ein liminal sone der dyr, menneske, kongelege og ulike guddommelege vesen tok del. Dans er hevda særleg å finne i tre hovudkontekstar: gravlegging, banketar og Hathor-kult, men også ein vesentleg del av tempelritual, og ikkje minst i prosesjonar frå eit tempel til eit anna, som del av viktige festivalar. Avbiletingar er ofte i ekstreme posisjonar der kroppen er bøygd bakover, beina i splitt, armar strekt unaturleg langt. Det er antyda at ein kunne danse seg inn ein transeliknande tilstand med parallellar til moderne sufidans.

Om den videre utvikling, se  Egypt II  (Det moderne Egypt, musikk).

Manniche, Lise, (1991). Music and Musicians in Ancient Egypt. London: British Museum Press.

Erika Meyer-Dietrich, "Dance,"  in UCLA Encyclopedia of Egyptology, ed. E. Frood and W. Wendrich (Los Angeles 2009).

Sibylle Emerit, "Music and Musicians," in UCLA Encyclopedia of Egyptology, ed. E. Frood and W. Wendrich (Los Angeles 2013).

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål til artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.