Mia er eit kvinnenamn som er kortform av Maria på same måte som Mie er kortform av Marie.

Namnet har fleire variantar: Mia, Mie.

Namnedag er 13. juli. Joel, Melissa og Mildrid har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Mia

Eit utval personar med namnet Mia, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 7 895 kvinner i Noreg som hadde Mia som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Mia var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 184 jenter som fekk namnet Mia, og det var blant dei 50 mest populære jentenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Det er likskapstrekk mellom namneprofilane for Mia og Mie. Dei byrja begge på eit oppsving på slutten av 1900-talet – Mia litt før Mie – og begge nådde toppen omtrent samtidig, Mia i perioden 2005–2009 og Mie 2010–2014. I motsetning til nokre andre namnepar på -a og -e med klare forskjellar i kurveprofilane, til dømes Hilda – Hilde, kan dette altså ikkje påvisast for paret Mia – Mie.

Utvikling i bruk av namnet Mia frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Mia frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg