Mie er eit kvinnenamn som er kortform av Marie på same måte som Mia er kortform av Maria.

Namnet har fleire variantar: Mia, Mie.

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 168 kvinner i Noreg som hadde Mie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 133 jenter som fekk namnet Mie, og det var blant dei 50 mest populære jentenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Det er likskapstrekk mellom namneprofilane for Mia og Mie. Dei byrja begge på eit oppsving på slutten av 1900-talet – Mia litt før Mie – og begge nådde toppen omtrent samtidig, Mia i perioden 2005–2009 og Mie 2010–2014. I motsetning til nokre andre namnepar på -a og -e med klare forskjellar i kurveprofilane, til dømes Hilda – Hilde, kan dette altså ikkje påvisast for paret Mia – Mie.

Utvikling i bruk av namnet Mie frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Mie frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg