Maiken er eit kvinnenamn som er nedertysk diminutiv («vesleform») av Maria.

Namnet har fleire variantar: Maiken, Majken.

Namnedag er 7. mai. Mai og Maia har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Maiken

Kulturell bruk

  • Ungjenta Maiken i filmen «Aldri annet enn bråk» (1954).

Kjende personar med namnet Maiken

Eksempel på ein person med namnet Maiken som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 568 kvinner i Noreg som hadde Maiken som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 44 jenter som fekk namnet Maiken.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava usamansette kvinnenamn med ending på konsonant var mest brukte innanfor tidsrommet 1900–1959. Maiken fekk eit oppsving frå 1970. Det er mogleg at ungjenta Maiken i filmen «Aldri annet enn bråk» (1954) kan ha gjort namnet kjent.

Utvikling i bruk av namnet Maiken frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Maiken frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg