Lisbeth Berg-Hansen

Faktaboks

Lisbeth Berg-Hansen
Født
14. mars 1963, Bindal, Nordland

Artikkelstart

Lisbeth Berg-Hansen er tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Nordland og tidlegare fiskeri- og kystminister i regjeringa Stoltenberg II. Ho var statssekretær ved Statsministerens kontor i regjeringa Stoltenberg I og var visepresident i NHO.

Bakgrunn

Lisbeth Berg-Hansen er fødd i Bindal i Nordland. Ho er utdanna tannlegeassistent, men har òg arbeidd som lærer. Ho er mest kjend som fiskeoppdrettar, og dreiv frå 2008 fiskeoppdrett i familiebedrifta SinkaBerg-Hansen AS i Bindal.

Politisk karriere

Berg-Hansen var medlem i Bindal kommunestyre for Arbeidarpartiet i 1988–2007, der ho var varaordførar i 1995–2003. Ho var styremedlem i Nordland Arbeidarparti i 2001–2005. Berg-Hansen var vararepresentant til Stortinget for Nordland i 1997–2001 og i 2009–2013. I perioden 2013 til 2017 var ho innvald som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Nordland.

I 1992–1996 var Berg-Hansen politisk rådgivar i Fiskeridepartementet i regjeringa Brundtland. Ho var statssekretær ved Statsministerens kontor i 2000–2001 i regjeringa Stoltenberg I. I 2009–2013 var ho statsråd ved Fiskeri- og kystdepartementet som fiskeri- og kystminister i regjeringa Stoltenberg II.

Andre verv

Berg-Hansen har mellom anna vore styreleiar i Fiskeri- og havbruksnæringa si landsforeining og styremedlem og nestleiar i Fiskeriforskning i Tromsø (no Nofima). Ho var frå 2002 til 2008 medlem i både arbeidsutvalet og i hovudstyret i NHO, og i 2004–2008 var ho visepresident i NHO. Ho har òg vore styremedlem i Aker Seafoods ASA.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg