Linken

Artikkelstart

Linken er eit kvinnenamn som er kjæleform av namn som byrjar på Lin-, til dømes Line.

Kjæleformer av same type (med -ken) er til dømes Lisken og Minken av Lisa og Mina.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Linchen Olsen fødd 1857 i Kristiania.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Linken som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg