Leo er eit mannsnamn som tyder ‘løve’ i latin. Leo kan også oppfattast som kortform av til dømes Leonhard og Leopold.

Namnedag er 28. juni. Lea og Leon har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Leo

Eit utval personar med namnet Leo, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 048 menn i Noreg som hadde Leo som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 152 gutar som fekk namnet Leo, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Leo er blant dei latinske namna som har hatt toppfasen sin på eit seint tidspunkt (etter år 2000). Andre døme er Adrian, Fabian, Felix, Julian, Marius og Viktor/Victor.

Utvikling i bruk av namnet Leo frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Leo frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg