Faktaboks

Lars Svisdal
Fødd
12. august 1985, Sunndal, Møre og Romsdal
Lars Svisdal.
Av /Gyldendal .

Lars Svisdal er ein norsk forfattar som debuterte i 2018 med romanen Seg til inkjes. Romanen utmerkjer seg med eit fargerikt og dialektprega nynorsk, og som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for.

Bakgrunn

Lars Svisdal er fødd i SunndalNordmøre i Møre og Romsdal. Svisdal var elev ved Molde videregående skole frå 2002 til 2005. Han har ein bachelorgrad i litteraturvitskap frå NTNU i 2008, har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i 2008 til 2009 og nordisk språk og litteratur ved Universitet i Bergen i 2009–2010. Han tok praktisk-pedagogisk utdanning i 2012–2013. Svisdal arbeidde som ungdomsskulelærar i norsk og engelsk ved fleire skular i perioden 2013 til 2019.

Forfattarskapen

I 2018 debuterte han med romanen Seg til inkjes. Med ein tittel som ber bod om at nokon kan kome til å utslette seg sjølv, skildrar han miljø og menneske på dei fiktive stadene Vormdalen, garden Svervad og turisthytta Fægrane. Den 19 år gamle Gjøa Grytbø kjem frå urolege familieforhold heime til sommarjobb på Fægrane. Her vert ho dregen inn i nye konfliktar, og med det er forteljinga i full gang.

Boka vekte stor begeistring hos bokmeldarar og lesarar, og forfattaren fekk svært god omtale for språket og stilen. Med eit fargerikt og gamalmodig nynorsk, rikt krydra med dialektord, målar han fram ein sterk fjellbygdkoloritt, noko som skarpstiller karakterane og konfliktane og gir handlinga autentisitet.

Utmerkingar

Svisdal fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for Seg til inkjes i 2019.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg