Faktaboks

Khrono - nettavis
Offisielt namn
KUNNSKAPSAVISEN KHRONO
Organisasjonstype
Forening/lag/innretning
Forretningsadresse
Oslo
Dagleg leiar
Tove Lie
Styreleiar
Leif Ove Larsen

Khrono er ei sjølvstendig norsk nettavis for høgare utdanning og forskning som har hovedredaksjon i Oslo. Khrono kallar seg sjølv ei «kunnskapsavis», oppkalla etter den greske guden Khronos. Avisa er eigd av Foreningen Khrono som vart skipa hausten 2023, med elleve universitet og høgskular som deltakarar. Desse institusjonane finansierer avisa.

Redaksjonen arbeider med basis i Redaktørplakaten og Ver varsam-plakaten og konsentrerer seg i hovedsak om nyheits- og debattstoff.

Tove Lie er ansvarleg redaktør i Khrono.

Historie

Khrono har røter tilbake til 2013, då Høgskolen i Oslo og Akershus (nå OsloMet) byrja å publisera lokalt forsknings- og utdanningsstoff. Etter at høgare utdanningsinstitusjonar fleire stader i landet kom med i samarbeidet, endra avisa karakter og fekk eit nasjonalt preg.

Utmerkingar

Khronos har gjennom åra hausta fleire prisar, mellom anna Fagpresseprisen (2014), og Årets nyskapar til redaktør Tove Lie (2018) som Oslo Redaktørforening står bak.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Khrono - nettavis
Sektorkode
7000 Ideelle organisasjoner
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg