Jorulf er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Jór-ulfr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘villsvin(hjelm)’ og etterleddet ‘ulv’.

Namnet vart tatt i bruk att i 1890. Da kan det ha vorte oppfatta som eit nylaga namn, med Jor- frå til dømes Jorunn og -ulf frå til dømes Ørnulf.

Namnet har fleire variantar: Jorolf, Jorolv, Jorulf, Jorulv.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 170 menn (fødde i Noreg) som hadde Jorulf som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg