John Endresson Maakestad var stortingsstenograf, forfattar og politikar. I 1880-åra var han politisk aktiv som radikal venstremann, med landsmålet som ei av hovudsakene.
John Endresson Maakestad var fødd i Ullensvang. Han gjekk folkehøgskule i Seljord og på Askov i Danmark, seinare arbeidde han ei tid som handelsstyrar i heimbygda Nå. Under dei store politiske feidane omkring parlamentarisme og maktdeling i 1880-åra blei han politisk engasjert og gjekk inn i den nye venstrerørsla på den radikale sida. Han skreiv mykje i avisene, særleg i Dagbladet.
Maakestad engasjerte seg mellom anna for målsaka og prøvde seg som forfattar. På slutten av 1880-åra fekk han gitt ut nokre mindre forteljingsbøker på nynorsk. Han korresponderte med Bjørnstjerne Bjørnson, som skreiv til han at han ikkje var nokon diktar, men ein dugande journalist. Han tok så eit stenografkurs i Kristiania og blei tilsett som stortingsstenograf i 1892.
I hovudstaden blei Maakestad godt kjend med sentrale venstrefolk, men han sjølv tok mindre del i politikken. Han interesserte seg for nye oppfinningar, og i ein periode dreiv han med sal av mellom anna syklar, skrivemaskiner og såkalla kinetoskop, ein type filmapparat.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.