Jan Askelund

Faktaboks

Jan Askelund

Jan Oluf Askelund

Født
11. februar 1940, Haugesund

Artikkelstart

Jan Askelund er ein norsk forfattar, lektor, litteraturkritikar og formidlar.

Bakgrunn

Han er utdanna cand.philol. med hovudfag i nordisk litteratur og har arbeidd som lektor ved Bryne landsgymnas/vgs. 1966–1990, i Zambia 1972–74 og etter tida på Bryne ved St. Svithun videregående skole i Stavanger.

Forfattarskap

Skjønnlitterært har Askelund skrive i fleire sjangrar: diktsamlingar, barnebøker og romanar. Han debuterte med diktsamlinga Haremunn (1969), og seinare kom mellom anna Kameleonen er mitt dyr (1992). Romanane Løva brøler i bushen (1986), Silda kjem mannsterk igjen (1987) og På intensiven (1993) kom alle ut på Samlaget. Den første er internasjonalt orientert og rettar ein nådelaus kritikk mot norsk u-hjelp. I den andre får vi eit kritisk søkelys på norsk skule, medan vi i den siste blir tekne med inn i ein mann sine kjensler ved dødssenga til kjærasten sin.

Litteraturkritikk og formidling

Askelund er også ein markant litteraturkritikar og formidlar. Sidan 1963 har han meldt litteratur i dagspressa, mest i Stavanger Aftenblad. Han har òg skrive ei rekkje innsiktsfulle artiklar i nasjonale tidsskrift som Norsk litterær årbok, Samtiden, Vinduet og andre. I tillegg har han skrive ei lærebok i diktlesing, gjendikta og omsett utanlandsk litteratur, omsett manus for Rogaland Teater, mellom anna Landskap (Landscape) av nobelprisvinnaren Harold Pinter, og redigert ei rad sakprosabøker, mellom anna Mål og makt. Ny politikk for nynorsken og bygdekulturen (1971). Askelund har vore ei av drivkreftene bak festivalen Litteraturuka på Sting.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg