Iben er eit kvinnenamn som er kjent frå 1878. Det er samantrekt form av dobbeltnamnet Ida Bengta (1878).

Les om mannsnamnet Iben.

Kjende personar med namnet Iben

Eit utval personar med namnet Iben, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 514 kvinner i Noreg som hadde Iben som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 266 jenter som fekk namnet Iben, og det var det sjuande populære jentenamnet dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Iben er eit av dei få nordiske namna som har hatt ein sterk auke på 2000-talet. Det er dansk påverknad som ligg bak denne auken, for i dansk har namnet vore populært i lengre tid, inspirert av skodespelaren Iben Rasmussen (fødd 1945). Ho vart tidleg kjent frå barnedikt av faren, Halfdan Rasmussen (NPL3, s. 259).

Utvikling i bruk av namnet Iben frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Iben frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hornby, Rikard 1978: Danske Personnavne. København.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg