Ib Thomsen

Faktaboks

Ib Thomsen

Ib Kavle Thomsen

Født
6. oktober 1961, Nittedal, Viken
Stortinget.

Artikkelstart

Ib Thomsen er disponent og tidlegare stortingsrepresentant for Framstegspartiet (FrP) frå Akershus i 2005–2017 og kulturpolitisk talsmann for partiet i 2009-2017.

Bakgrunn

Ib Kavle Thomsen er fødd i Nittedal i Akershus (no Viken). Han gjekk på Bjertnes videregående skole i 1977–1980 og tok leiarutdanning i 1983 og spesialkurs i 1986 i Forsvaret. I 2000–2001 studerte han personalleiing og situasjonsbestemt leiing ved Handelshøyskolen BI. Han arbeidde som disponent i eige firma frå 1985 til 2005 og hadde deltidsstilling som områdesjef i Heimevernet i 1999–2005.

Politisk karriere

Thomsen var medlem av Nittedal formannskap i 1987–2005, medlem av styret i Nittedal FrP i 1982–2005 og medlem av styret i Akershus FrP i 2001–2005. Han var vararepresentantStortinget i periodane 1993–1997 og 2001–2005, og hadde fast plass som stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Akershus i 2005-2017. Dei viktigaste politiske sakene hans i denne perioden var eldreomsorg, skule, samferdsel og sjukehustilbod, og i 2009-2017 var Thomsen kulturpolitisk talsmann for Framstegspartiet.

Andre verv

Han var medlem av styret for Nittedal Energiverk i 1991–1995 og leiar i 1995–1999, og han har vore styremedlem i Sandvika Storsenter og Strømmen Storsenter.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg