Harald Tom Nesvik

Faktaboks

Harald Tom Nesvik
Født
4. mai 1966, Ålesund, Møre og Romsdal
Harald Tom Nesvik i 2018.
Av /NTB.

Artikkelstart

Harald Tom Nesvik er tidlegare stortingsrepresentant for Framstegspartiet (FrP) frå Møre og Romsdal i 1997–2017, tidlegare parlamentarisk leiar i FrP og tidlegare fiskeriminister i regjeringa Solberg i 2018–2020.

Bakgrunn

Harald Tom Nesvik er fødd i Ålesund i Møre og Romsdal. Etter vidaregåande skule tok han utdanning i eksportmarknadsføring for fiskeri ved Møre og Romsdal fiskeritekniske høgskole (no NTNU) i åra frå 1991 til 1993. I 2008 gjekk han på sjefskurset ved Forsvarets høgskole. Han har vore tilsett i Activ vaktselskap som dørvakt, har vore instruktør i helsestudio og seljar ved Moa Elektromarked.

Politisk karriere

Nesvik vart innvald i Ålesund bystyre i 1992 og sat som bystyremedlem fram til hausten 2013 ved sida av vervet som stortingsrepresentant. Han var òg medlem av formannskapet frå 1992 til 1997. I perioden 1994–1997 var han gruppeleiar for Framstegspartiet i bystyret. Lokalt har han vore medlem i Hamnestyret, og frå 2004 har han vore leiar i hamnerådet for Ålesund-regionen. Nesvik har vore formann i Ålesund Framstegsparti, politisk nestformann i Møre og Romsdal FrP, og var varamedlem til sentralstyret i partiet frå 2001 til 2005.

Nesvik var vald inn som stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Møre og Romsdal i 1997–2017. I 1997–2005 var han medlem av sosialkomiteenStortinget og var leiar av helse- og omsorgskomiteen i 2005–2009. I perioden frå 2009 til 2013 var Nesvik nestleiar i næringskomiteen. Frå 2001 til 2017 sat han i gruppestyret i Framstegspartiet, der han i 2013–2017 var leiar.

Nesvik blei i 2018 utnemnt til fylkesmann i Møre og Romsdal frå 2019, men trakk seg seinare frå stillinga. I august 2018 kom han tilbake til rikspolitikken då han vart utnemnd som statsråd i Nærings- og fiskeridepartementet som fiskeriminister i regjeringa Solberg. Han var fiskeriminister til Framstegspartiet gjekk ut av regjeringa i januar 2020.

Andre verv

Han har vore med i styret for Ålesund og Sula elektrisitetsverk og seinare i styret for Tafjord Kraft AS. I perioden 2004 til 2007 var han òg styremedlem i Destinasjon Ålesund/Sunnmøre.

Utgjevingar

Saman med Otto Giskeødegård har Nesvik skrive læreboka Produksjonslære for fiskeindustrien (1998).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Harald Grytten: Hjemsted og by. Ålesund 1948–1998, bind 2, 1968–1998. Sunnmørsposten Forlag 1999

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg