Faktaboks

Halldor Meland

Halldor Torsteinson Meland

Fødd
23. juni 1884, Ullensvang, Hardanger
Død
25. desember 1972
Levetidskommentar
Kvam herad, Hardanger
Haldor Meland
Av /Arne Bjørndals samling.
Lisens: CC BY 2.0

Halldor Meland var ein utøvarar på hardingfele, og er rekna som ein av Noregs fremste. Han livnærte seg som utøvande folkemusikar og læremeister heile livet frå tideleg 1900-talet og fram til han døydde i 1972.

Blant Hardanger sine mange kunstnarar er han rekna som ein av dei aller fremste, og var ein viktig og særmerkt stilskapar av slåttespelet derifrå.

Oppvekst

Halldor Meland voks opp på garden Meland på austsida av Sørfjorden i Ullensvang kommune. Foreldra hans var Brita og Torstein Meland, og Halldor var nummer fem i ein syskenflokk på sju. Mora, særleg, og ande i slekta song mykje, og til garden kom det ofte felespelarar. Den fyrste fela Halldor bruka fekk han overta av bror sin, då det vart tydeleg kven av dei som hadde størst talent for spel.

Læretida

Hardingfela hadde framleis stor status i Hardanger då Halldor Meland voks opp, og var ein viktig del av folk sin kvardag. Han tileigna seg fyrst repertoar lokalt, men søkte òg tideleg ut til meistrar frå andre tradisjonsområde. Dei han rekna som fremste læremeistrar og inspiratorar livet ut var Ola Mosafinn (1828–1912) frå Voss, som han vitja mykje medan han gjekk på Voss folkehøgskule i åra 1900–1901 og 1904–1905, og Torkjell Haugerud (1876–1954) frå .

Halldor Meland ynskte også å læra seg å spela fiolin i ung alder, og vart oppmoda om å søkja musikkskulen. Far hans sa nei til dette då han var uroleg det ville endra det frie og naturlege i spelet til sonen, og viste til rypene på Hardangervidda og sa: (...) Velsigne meg alt so æ vilt! Her æ nokke tao da so æ tamt».

Som utøvar

Meland var tideleg ute med å spela inn slåttar på grammofonplater for selskapa Farre (Pathé) i 1911, og Gramophone Co. i 1915. Desse selde godt, og vart ei viktig marknadsføring for han som utøvar.

Meland var også blant dei fyrste felespelarane frå Hardanger som formidla slåttemusikk for eit konsertpublikum, og ikkje berre som danse- og bryllaupspelemann. Han konsertdebuterte allereie 1905, og hadde ei omfattande konsertverksemd i Noreg, Sverige og Danmark, med eigen impresario.

I tillegg til å halde solokonsertar, heldt han også program saman med skodespelarar eller føredragshaldarar. I 1930-åra spela han også ei rekkje konsertar saman med pianist og komponist Geirr Tveitt (1908–1981). I ei konsertmelding i Aftenposten etter dei hadde spela i Universitetsaulaen i Oslo 6. oktober 1934, stod det:

«(...) Halldor Meland er en ypperlig spillemann. Undertegnede har sjelden hørt hardingfela så vakkert og musikalsk behandlet. Kan godt være han er den beste spillemannen vi har i landet for tiden. Denne felespiller er musiker helt igjennom».

Tveitt arrangerte også seinare Meland sin komposisjon Lengt for Oslo Filharmoniske orkester, og verket vart uroppført i 1954.

Ei skapande uro

Meland er rekna som ein viktig stilskapar innan slåttetradisjonen frå Hardanger, og har fått æra for å omforma mykje av det gamle repertoaret. For dette er han også blitt kritisert, då han var lite oppteken av å vidareføra ein tradisjon sogerett. Tvert om meinte han at slåttespelet i Hardanger trong ei «oppreinsking», og tok vekk og la til det han meinte var naudsynt. Hans sjølvskjensle om denne oppgåva han tok på seg, kjem tydeleg fram då han sa med Sjur Håstabø «Nolten» (1872–1945), like etter at han hadde lært ein slått av han som hadde blitt vidareført i bygda Granvin i generasjonar: «Denne skal bli god når eg får gjort om på han!»

Hans store skapande uro førte også til komponering av ei rekkje nye slåttar og gammaldansar. Av dei mest kjende, og framleis mykje bruka, er lydarslåtten Lengt, og springaren og gangaren Vestlendingen og Kristi Hovden. Alt han komponerte bar preg av samtidas romantiske fiolintekniske ideal i bogebruk, men også i venstrehanda der glissando og posisjonsspel var hyppig bruka.

Meland hadde eit framifrå handverk, og hans komposisjonar og omforma slåttar er alle teknisk krevjande å spela. Han var generelt oppteken av store slåtteformer, og virtuositet. Framfor alt heldt han ein god og fyldig tone som høgste kriterium, og kunne seia bestemt om andre felespelarar slikt som: «Han har tone!» Eller: «Han har ikkje tone!»

Som læremeister

Meland har vore omtalt som ein framifrå pedagog. Blant hans fremste elevar kan ein nemne Fridtjof Erneshagen, Endre Bleie, Johan Hjelmevoll, og seinare Anders Kjerland og Olav Kvammen. Som læremeister, til liks som utøvar, var han oppteken av ein musikalsk fridom, og sa med sine elevar når dei hadde lært ein slått: «No er han din, no får du gjera med han som du vil». Han gav mykje av seg sjølv ovanfor sine elevar, men kunne også vera selektiv med tida si. Kom det mindre gåverike elevar, kunne han brått stogga dei midt i ein slått og seia: «Ja, no har du det, no får du ut å henta eple!»

Natur og litteratur

Noko av det som prega og forma Meland mest som kunstnar og menneske var hans mange og lange turar på Hardangervidda, både som fjellvandrar og gjetar. Der ber titlane i komposisjonane hans også preg av.

Halldor Meland var elles kjend for å vera ein radikal venstremann politisk sett. Han kunne vera bestemt og klår i talen, hadde stort sjølvmedvit om eigen dugleik og kunstnarlege kraft.

Han var òg svært oppteken av litteratur, og dei som kom innom kunne få lange føredrag om til dømes Henrik Ibsen og William Shakespeare. På sine eldre dagar underviste han mest, og til småbruket Eikhaug ved Vallandshovden, kor han og kona Kristi budde i Kvam var det ope hus med mykje kunstnarar og elevar som kom jamleg for å læra vevkunst eller slåttespel. Dei fekk aldri born saman, noko som var ei sorg for dei båe.

I 1962 heldt Halldor Meland sin siste avskjedsturné kring Hardanger, og diktaren Olav H. Hauge skriv i dagboka si 5. november: «Høyrt Meland spela og fortelja på ungdomshuset. Han er enno i kraft. Ein særmerkt mann. Ei stor oppleving».

Verk

  • Lengt, lydarslått
  • Kristi Hovden, gangar
  • Vestlendingen, springar
  • Hardangermarsjen, marsj
  • Ola Garen, marsj
  • Dyranut, marsj
  • Vårmorgon, lydarslått
  • Vadlanshovden, springar
  • Vadlanshovden, gangar
  • Fyksesund, gangar
  • Vetlehulda, masurka
  • Lyngblomen, vals
  • Ringøyrs Minne, vals
  • Skitnesundag, masurka
  • Jonsokvalsen
  • Storekoll, vals
  • Den grønkledde, reinlender
  • Veslekoll, vals
  • Moldnuten, vals
  • Litloshaugen, masurka
  • Bessobu, vals
  • Anna Knutsdotter, springar
  • Litlosvalsen
  • Storekoll, vals
  • Sledalen, hamburgar

Innspelingar

  • Halldor Meland, Ta:lik, 2020
  • Folkemusikk frå Rogaland og Hordaland, Grappa Musikkforlag/NRK, 2005
  • Meisterspel, Grappa Musikkforlag, 1997
  • Norsk Folkemusikk 1-10, Grappa Musikkforlag, 1995
  • Halldor Meland, Hardanger Folkemusikksamling (kassett), 1985
  • Halldor Meland, Farre (Pathé), grammofon i 1911
  • Halldor Meland, Gramophone Co., grammofon i 1915

Prisar og utmerkingar

  • Torkjell Haugeruds ærespris, 1966
  • Kongens fortenestemedalje i gull, 1962
  • Heidersmedlem i Landslaget for spelemenn, 1953
  • Heidersmedlem i Hardanger spelemannslag, 1949

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Bleie, Endre: Halldor Meland – eit liv i tonar, Gyldendal Norske Forlag, Oslo, 1976
  • Hauge, Olav H.: Olav H. Hauge, Dagbok, Band II 1959-1966, Samlaget, Oslo 2000
  • Mjeldheim, Johanna: tekst i omslaget til CD-en Halldor Meland, Ta:lik 2020
  • Mjør, Kåre Johan: Halldor Meland, Alkunne
  • Hamre, Knut: Munnleg kjelde til artikkelforfattar, som igjen viser til Anders Kjerland og Håvard Kvandal

Kjelder

  • Hamre, Knut: Munnleg kjelde til artikkelforfattar, som igjen viser til Anders Kjerland og Håvard Kvandal

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg