Hallbjørg

Hallbjørg er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Hall-bjǫrg. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘(flat) stein’ og etterleddet ‘berging’.

Namnet har fleire variantar: Halbjørg, Hallbjørg.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 120 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Hallbjørg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer 1992: Kvinnenamna [Albjørg, El(d)bjørg, Hallbjørg] og [Helbjørg]. [Avdeling for namnegransking. Årsmelding 1991]. Oslo.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg