Haldis er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Hall-dís. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘(flat) stein’ og etterleddet ‘dis; kvinne’.

Namnet har fleire variantar: Haldis, Halldis.

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 048 kvinner i Noreg som hadde Haldis som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Haldis var på topp litt før, i perioden 1910–1919. Stavevarianten Halldis er for lite brukt til å bli representert med kurve.

Utvikling i bruk av namnet Haldis frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Haldis frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Haldis på 1800-talet.

Haldis var mest brukt i Buskerud.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Haldis på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Haldis var mest brukt i Buskerud. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Halldis.)

Historisk bruk av namnet Haldis
Historisk bruk av namnet Haldis
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg