Hagny er eit kvinnenamn som går tilbake til norrønt Hag-ný. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘gjerde, inngjerda jorde’ og etterleddet ‘ny’.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Hagny Antonsdatter fødd 1855 i Kristiania.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 70 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Hagny som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg